Tag Archives: nåja

Ei heltehistorie

Kong Haakon er glad. Noreg har nett vunne andre verdskrig, mykje takka vere Hans Majestet Kongens snedige, og ikkje så reint lite dristige opphald i Sverige. Då alle trudde Kongen skulle stå side om side med sine landsmenn og slåss mot dei overlegne tyskarane, overraska han alle, tyskarane iregna, med sin heltemodige marsj mot nabolandet, der han pønska ut sitt neste strategiske trekk. Trekk som førde til at han, kongen av Noreg, kjempers fødeland, kunne returnere til landet i det krigen var over. Og det er for denne heltedåden Haakon no mottar folkets hyllest som nasjonens frelsar og krigens sigerherre. Men han er også irritert. Irritert fordi han under opphaldet i Sverige blei smitta av den alvorlege svenske folkeepidemien hovudlus. Haakon klør seg i hovudet, mens det klør som besett.

Kronprins Olav er overstadig lykkeleg. Han er stolt av det far hans har utretta i denne krigen, og tenkjer at når han vert stor, vil han bli nett sånn som far sin. Akkurat no leikar han hermeleiken med far sin, den store kong Haakon VII. Han synest det er stor stas å herme etter far sin, og han morar seg godt.

Nokre fans av kronprins Olav har forvilla seg inn blant dei kongelege. Dei var helt galne etter den siste plata kronprinsen, eller Baron Olav von Dürkenheimer, som dei kjenner han som, slepte med bandet sitt, Big Burning Bloodsuckers, kalla Evil Dark Songs of Hate for Churchburners vol III. No vil dei ha autografen hans, men dei ser han er oppteken no med å herme etter far sin. Det er seint og alle er trøytte no, og om litt går dei heim. Alle til sitt, unntatt Olav som blir med groupien sin.

Skrive av Magnus (18).